Allsongstund med den nynorske songskatten
- When
- Sunday, 20 September 2026 at 12:30
- Price
- See listing
Fredrikstad Mållag inviterer til allsongstund søndag 20. september kl 12.30 i kjellaren i Fredrikstad domkyrkje. Ver med og syng nokre av de mest kjente og kjære songane frå den nynorske songskatten, mellom anna Nordmannen, Blåmann, Den fyrste song og Fager kveldssol. Professor emeritus i norsk, Terje Aarset, fortel om korleis songane vart til og korleis dei har vorte brukt. Aarset har gjeve ut ei rekke bøker om nynorsk, mellom anna «Den nynorske songskatten». Ei gruppe frå domkoret og domorganist vert med og leier songen. Før allsongstunda er alle velkomne til gudsteneste med nynorsk liturgi i domkyrkja kl 11, der flere av dei mest kjente nynorske salmane vert sunge. Arrangementet er gratis. Enkel bevertning.