Nynorsk gudsteneste
- When
- Sunday, 20 September 2026 at 11:00
- Price
- See listing
Saman med Fredrikstad Mållag inviterer domkyrkja til nynorsk gudsteneste søndag 20. september. Liturgi, preike og salmar vil vere på nynorsk. Medverkande er sokneprest Endre Fyllingsnes, domkantor Dan Rene Dahl, ei gruppe frå Borg domkor og representantar for mållaget. Etter gudstenesta vert det allsongstund i Domkyrkjekjellaren. Ver med og syng nokre av dei mest kjente og kjære songane frå den nynorske songskatten, mellom andre Nordmannen, Blåmann, Den fyrste song og Fager kveldssol smiler. Terje Aarset, professor emeritus i norsk ved Høgskulen i Volda, fortel om korleis songane blei til og har blitt brukte. Aarset har gitt ut ei rekke bøker om nynorsk, mellom andre «Den nynorske songskatten» (2009). Ei kvinnegruppe frå domkoret blir med, og Tore Erik Mohn leier songen og akkompagnerer på piano.