Reisen til julestjernen
- When
- Sunday, 6 December 2026 at 15:00
- Where
- BUL-salen, Søndre gate 22 b, 7010
- Price
- From NOK 220.00
Historia om Sonja, og korleis ho til slutt finn igjen julestjerna, har trollbunde barn og vaksne i mange generasjonar, heilt sidan ho vart sett opp første gong jula 1924. I over hundre år har julegleda og teatermagien begeistra små og store. Ved å bruka leik, humor og element frå heile teaterhistoria, både i scenografi og kostyme, bevarast den varme julenostalgien til framsyninga, og den viktige bodskapen i stykket blir reindyrka: Følgjer ein hjartet sitt og er god mot andre, så vil ein sigra over det som er vondt og vanskeleg – ein bodskap som er minst like relevant i dag som då stykket vart skrive. Me lovar ein uforgløymeleg og vakker kveld i teateret for barn i alle aldrar. Me lovar også at Sonja får julestjerna si til slutt. Og som Sverre Brandt skreiv til barna i 1924: "Måtte du få din! For det finst ei julestjerne for alle. Det gjeld berre at me leitar på den rette måten." Av: Sverre Brandt Regi: Ingrid Kummeneje Musikk av: Johan A. Halvorsen Arrangert av: Per Christian Revholt Plakat av: Tiril Aurora Nyland Forestillingen er klarert av Dramas – manus- og rettighetstjenesten for norsk amatørteater. *Kjøpte billetter refunderes ikke.
More in Trondheim
- Medlemsmøte og drink-/bartenderkurs · Clarion Hotel Trondheim
- Nidaros Blues 2027 · Radisson Blu Royal Garden Hotel
- Nilsen & Aalberg show - Scandic Nidelven - Et forrykende dinnershow · Scandic Nidelven hotell