Lansering av årets Jul i Trøndelag
- When
- Tuesday, 10 November 2026 at 19:00
- Where
- Litteraturhuset i Trondheim, Kongens gate 2, 7011
- Price
- Free
Trønderlaget av Noregs Mållag inviterer til lansering og feiring av årets Jul i Trøndelag! Redaktør Espen Tørset fortel om årets utgåve, og vi får besøk av fleire av bidragsytarane. Erlend Skjetne frå Melhus og Trondheim er forfattar som har fått mykje ros for bøkene sine. I kveld får vi ein smakebit frå den ferske diktsamlinga Råemne. Inge Haukvik frå Børsa er ein av våre største Alf Prøysen-kjennarar. Han fortel om arbeidet med Prøysen-samlinga og kvifor vi fortsatt elskar tekstane og songane til husmannssonen frå Ringerike. Vi markerer at Julekveldsvisa er 75 år og Olav Duun er 150 år. Det blir ein kveld som vil by på overraskingar, opplesingar og allsong frå den nynorske songskatten. Eit nytt Jul i Trøndelag er verdt å feire! Arrangør: Trønderlaget av Noregs Mållag Sted: Sellanraa Foto: Leikny Havik Skjærseth
More in Trondheim
- Abubakar Hussain: Hvis jeg var hvit - hadde jeg ikke skrevet denne boka · Litteraturhuset i Trondheim
- Akademimøte: Trump 2.0 og NATOs fremtid · Litteraturhuset i Trondheim
- Bakmennene - Om at det finnes intelligent liv i MAGA og hvorfor det burde bekymre oss · Litteraturhuset i Trondheim