What’s on in Trondheim

Gunnhild Øyehaug i samtale med Alf van der Hagen

When
Tuesday, 16 March 2027 at 19:00
Where
Litteraturhuset i Trondheim, Kongens gate 2, 7011
Price
Free

Forfattaren Gunnhild Øyehaug fekk i 2026 både Aschehougprisen og Samlagsprisen. No gjestar ho Litteraturhuset i Trondheim til ein samtale med Alf van der Hagen, med utgangspunkt i den ferske novellesamlinga Elskarane mine. To menn bryt ut av fengsel og har planlagt å overleve på bær, sniglar og kumjølk, men veit ikkje at dei lir av kuskrekk. Ei kvinne sit i kø utanfor Marc Jacobs-butikken då ho trur ho blir vitne til sitt andre mord for året. Nokre skatteoppkrevjarar fortvilar over tilstanden til gardane som ligg under den store blåisen på 1700-talet, mens ei kvinne strevar med dagsopplegget sitt med elleve elskarar. I novellesamlinga Elskarane mine er prosaen uføreseieleg og rik. Det underlege vender seg mot det nære, og om kjærleiken er størst av alt, finst det likevel eldgamle, einsame hjarte kledd i spindelvev murt inn i stolpar i kyrkjer, og ein lengt som ein kan undre seg på om faktisk er bitte litt større. Elskarane mine er eit nytt kvantesprang i forfattarskapen til Gunnhild Øyehaug. Velkomen til bokbad om forteljingar der alt kan skje, om kjærleik, lengt og fantasi. Gunnhild Øyehaug (f. 1975) er oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. og er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Ho har også skrive filmmanus og skodespel. Ho har fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Øyehaug er omsett til fleire språk. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. Alf van der Hagen (f. 1962) har bakgrunn som medredaktør i Vagant, redaktør i NRK Kritikertorget og ansvarlig redaktør og administrerende direktør i Morgenbladet. I 1994 utkom hans første samtalebiografi En annen Mykle. For Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013) mottok van der Hagen Kritikerprisen for beste sakprosabok, og for Kjell Askildsen. Et liv (2014) ble han nominert til Brageprisen. I 2019 utkom boka Suzanne Brøgger. Samtalememoarer, til strålende kritikker. De seneste årene har han utgitt samtalebøker om billedkunst, blant annet med dronning Sonja (2021). I 2023 kom Ingvar Ambjørnsens memoarer, Ønsk meg heller god tur. Dette er Alf van der Hagens bok nummer femten siden debuten i 1993, og den niende i hans egen sjanger «samtalememoarer». Sted: Bryggescenen, Trondheim Folkebibliotek Foto: Helge Skodvin / Kolon

Show on the mapGet tickets

More in Trondheim

Permalink