Gnistrande jul
- When
- Thursday, 10 December 2026 at 17:00
- Where
- Arena Utsyn, Utsynvegen 22, 4160
- Price
- From NOK 1230.00
Velkomen til Finnøy og velkomen til Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind Skeiseid sitt skråblikk på jula. Ein julemeny med muntre historier, musikk, konkurransar, juletregang og ikkje minst ein bugnande julebuffé frå Arena Utsyn. Frå kl. 16.40 ønskjer me velkomen med varm kakao og noko attåt på Arena Utsyn. Så går det slag i slag, som det jo ofte gjer i jula – minst 7 slag! Ved Finnøy Heimgard ventar ei avslutting som er både vakker, varm og historisk i beste finnøysk ånd. Velkomen til ei førjulsoppleving – innramma av Maria og Tor Øyvind, som byr på seg sjølv frå A til Å! Turen blir gjennomført ved minimum 25 personar. NB! Alle ordnar eigen transport. Allergi? Gje beskjed til maria@ryfylkelivsgnist.no