«Fleur og Florian» av Erlend Auestad Danielsen
- When
- Friday, 11 December 2026 at 14:00
- Where
- Dramatikkens hus, Dramatikkens hus, Joachim Nielsens gang, Barcode, Grønland, Gamle Oslo, Oslo, 0188, Norge
- Price
- Free
«Fleur og Florian» er ein scenetekst om ein symbiotisk familierelasjon i møte med ein løyndom om sjukdom og død. Ei vaksen mor og ein vaksen son under same tak står fast i eit liv dei ikkje kjem seg ut av, kor ingen klarar å gi det den andre treng. Når skal sonen flytta ut og skapa sitt eige liv? Huset knirkar, kattane kreler, fjernsynet står alltid på, mora spyr i trappene, enno ein hårlokk på golvet og sonen står og ser på, drikk Red Bull og veit ikkje kva han skal gjera. Om dramatikeren ERLEND AUESTAD DANIELSEN (f.1993) er utdanna dansar ved Kunsthøgskolen i Oslo og har studert skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han er tverrfagleg scenekunstnar med utøvande og skapande roller i dans, teater og literatur og driv Montebøllo Kunstkollektiv i Oslo saman med 16 andre kunstnarar. Som skrivande utforskar han korleis menneske lagar seg strategiar i møte med noko som opplevest umogleg. «Fleur og Florian» er hans første scenetekst og har vore igjennom DHs Nye dramatikere ordning. Medvirkende Regissør Erlend Samnøen Skodespelarar Toivo Ty Terjesen, fleire TBC Sparrepartnarar/dramaturgar: Uma Feed, Ane Aass, Kristin Auestad Danielsen og Amanda Øiestad Nilsen
More in Oslo
- Dramatikeren inviterer: Malmfrid Hallum om familie og kjærlighet · Dramatikkens hus
- «Babyface» av Tone Nybø · Dramatikkens hus
- «Øresus» av Hannah Karina Giske · Dramatikkens hus