What’s on in Bergen

Ukraina på Litteraturhuset: Solidaritet gjennom litteratur – Krym og Ukraina

When
Monday, 26 October 2026 at 19:00
Where
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen
Price
See listing

Rory Finnin er ein leiande forskar og formidlar i ukrainsk og krymtatarsk litteratur og til dagleg professor ved Universitetet i Cambridge. Han har skrive boka Blood of Others: Stalin’s Crimean Atrocity and the Poetics of Solidarity (2022) om folkemordet på krymtatarane, Kryms urbefolkning, i 1944 og korleis litteraturen – den krymtatarske, ukrainsk og tyrkiske – bidrar til å bygge solidaritet og forståing av dette traumet. No er Finnin bokaktuell igjen med ein banebrytande monografi om Ukrainas nasjonaldiktar, Taras Sjevtsjenko (1814–61), Freedom’s Liberator: Taras Shevchenko and the Making of Modern Ukraine (2026). I samarbeid med Institutt for framandspråk (UiB) og prosjektet UA-FLEX inviterer Litteraturhusets Ukraina-serie til samtale med Rory Finnin. Samtalen blir leia av Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Samtalen vil vere på engelsk / The Conversation will be in english150,–/120,–/60,–Foto: University of Cambridge / Paul Meurer

Show on the mapGet tickets

More in Bergen

Permalink